Eg må ha
fått nikkosjokk eller noko, for verda begynte å dirre og prikkinga spreidde seg
til heile kroppen. Så la eg merke til det - himmelen var full av kvite prikkar.
Dei var overalt. Vanskelege å la vere å følgje med på og umulege å ta på.
Vatnpipeguten sa det var på grunn av fuktighet på auga mine. Eg følte at eg såg
alle molekyla i lufta. Dei dansa, spratt, hoppa og sprang rundt omkring. Ganske heftig, litt ekkelt. Så eg lukka auga, låg der på graset eit par minuttar og
halvsøv. Og då eg opna dei igjen, såg eg det grøne graset
mellom det brune graset. Eg var svimmel då eg gjekk tilbake til sykkelen, men eg
var lukkeleg. For dei hadde dratt. Endelig hadde dei reist på hytta og
endelig var eg aleine. Aleine, aleine, aleine. Eg anstrengde meg
for å gjere ingenting og skulle verkelig prøve å gjere så lite som mogleg. Berre
meg, utan nokon andre. Det heile endte med fotomontasje av menneske og dyr i
avisa og ein sykkeltur rundt vatnet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar