All that jazz.

Eg hadde berre ete middag med han ein gong før. Kaffi hadde vi drukke fleire gonger, men den førre gongen vi åt middag saman var ein gong i sommarferien. Eg hadde laga spagetti, og sjølv om den ikkje var noko god, lét han som om han likte det. Bassemann er ein slik person, ein som lèt som om han likar maten - berre for å vere høfleg.

I dag var det ikkje eg som laga maten, så i dag trengde han ikkje å late som om han var god. "Brodern's BBQ" med rømme og vatn med isbitar. Nomnom. Vi prata om jazz og saksofonar og vi prata om hendelsar. Om Martin's og om ølkveldar og om folka mine og om folka hans. Vi prata og vi åt og vi hadde det jævlig bra. Og medan vi venta på toget, varma han meg med jakka si. Så var det hei og ha det og jeg ser deg i morgen. For det gjer eg jo, eg ser han i morgon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar