Syskenkjærleik.

Eg og litlebror har så mange fine minne saman. Sjølv om han er bortskjemd, sjølv om han kan vere utakksam og sur og sjølv om han er gjerrig, er han den guten i verda eg liker aller, aller best. Eg dreg han med meg på teaterførestellingar og konsertar, eg tar han med på kino. Viss eg vil bake eller spele kort, blir han med. Viss eg sit i hula mi, kjem han inn og speler dei to grepa han kan på gitaren. Han vil som oftast vere med på alt, og det likar eg så godt. Eg tar initiativ, han smiler og seier ok, jeg blir med.
For nokre veker sidan, drog vi på kino saman. Det blei ein kveld med makronar, nudistcamp og ordlekar på toget. Denne veka såg vi ein teaterførestelling av Shakespeare saman, krangla, klemde kvarandre og blei vener igjen, og på torsdag bakte vi peparkaker saman. Det var fyste desember, vi hadde spist pizza og pynta huset. Så tok vi på oss forkle, sat på julemusikk og bakte peparkaker. Eg var lukkeleg, litlebror var glad.
Han er fem år yngre enn meg, og kan gjere meg så glad og så sint som ingen andre. Det er det bare lillebror, og ingen fler som kan!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar