Bileteveggen.

Vi sitt i hula mi, eg og frøken stripegenser. Eg heng opp dei nye kjolane i skapet, ho sit prøver å skru på LP-spillaren. Loius Armstrong, nett det vi treng. Vi syng “Hello Dolly” av full hals. Spis dei raudaste jordbæra eg har sett på lenge. Sørlandschips. Vaniljefudge. Drikk vatn av ei gjennomsiktig glaskanne. Ler. Livet er bra.

Bileteveggen minner oss om alt som har skjedd til no. Alle gongene vi har feira syttende mai. Alle gongene vi sminka oss og tok bileter av resultatet. Alle gongene eg blei tvinga til å smile på bilete, sjølv om eg eigentleg var pottesur. Den gongen eg bar broren mi opp kyrkjegolvet då han blei døypt. Den gongen eg og venene mine kledde oss ut som påskekjerringer på skjærtorsdag. Heile livet i bilete heng på veggen. Vi ser på veggen og tenkjer over korleis vi har vakse opp, blitt sytten år og at vi prøver å finne ut korleis vi vil leve resten av livet.

Frøken stripegenser kjem til å studere noko som har med kunst eller journalistikk å gjere i Liverpool, få kule hipster-vener og ei lita leilegheit i tredje etasje. Frøken raudtelt kjem til å dra i militæret i eit år, for å så flytte inn med kjærasten og begynne å arbeide. Vatnjenta kjem til å studere moteledelse i New York. Bo i ei leilegheit med søstra, og leve slik ho alltid har drøymt om å leve. Eg kjem til å reise nokre år, være impulsiv og ende opp med å studere sosialantropologi, sosiologi og filosofi i Oslo. Bo i kollektiv med mennesker som tenkjer som meg. Høyra på jazz og invitere til vinkveldar. Treffe nye, spennande folk og vere intellektuell saman med dei.


Så, når vi har opplevd alt dette, kan vi hengje opp nye bilete på bileteveggen. Ha nye opplevelser å fortelje om. Sitje lenge og prate om kor herlig livet er viss ein gjer det ein ønskjer. Viss ein lever slik ein drøymer om å leve.

Foto: Andrea R. Møller

1 kommentar: