Herreminhattfyttikattafyfabian.

Eg er lukkeleg fordi:

  1. Eg fekk svaret eg har venta på i dag. Etter ei veke i spenning fekk eg endeleg svaret – eg skal begynne i ein ny klasse, på ei ny linje med nye fag! Åh, som eg gler meg!
  2. Eg var på ein konsert med Thomas Dybdahl i dag, og han syng med ei så fin og sår røyst, så ein blir heilt lamma av å høyre på.
  3. Det regna så mykje då eg skulle sykle heim at eg blei søkkvåt. Då tok eg ein liten ekstra lang tur berre for å syngje høgt og sykle i sølepyttar, fordi eg allereie var våt heilt inn til huda.
  4. I morgon skal eg heim til stråhattjenta for å sjå på ”Amelie frå Montemartre ”, lage fint fødselsdagskort og dra til Oslo for å sjå ein framsyning på det norske teateret med gratisbilettar. Etterpå skal vi kjøpe fairtrade-blomar og dra i ein fødselsdagsfest med jazzfolka. 
  5. Ute held det framleis på å torne så mykje at eg nesten ikkje tør å vere nær elektronikk, og vurderar å setje meg i senga og lese staden. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar