Blomar og ljus på bordet.

Under heile middagen venta eg på at minuttane skulle gå fortare. At kyllingen berre kunne ete opp seg sjølv og at klokka kunne bli ti over halv åtte. No, no, no. Problemet var ikkje at maten var uspiseleg eller at stemninga var uhyggeleg, men at eg gledde meg sånn til å sjå dei igjen. Til å klemma dei og å prate ordentleg med dei. Eg gledde meg til å høyre kva dei har gjort og kva dei har tenkt på sia sist vi såg kvarandre.  

Det ringde på. Eg takka mamma for maten og kjende meg som eit barn som venta fødselsdagsgjester. Sprang til døra og opna. Vatnjenta og frøken raudtelt kjem først, frøken stripegenser eit minutt seinare. Eg såg deira smilande fjes som klemde meg og sa det var kjekt å sjå meg igjen. Vi gjekk til rommet mitt. Dei såg det med ein gong – møblane hadde flytta på seg sia sist. Senga var på andre sia av rommet og kassettspelaren sto ved sia av LP-spelaren. Gitaren sto ved sia av sofaen, og skrivebordet var ein annan stad enn sist. Men dei syntest det var fint. ”Du har et så fint rom, Linnea”. Dei sat seg til rette i sofaen og eg gjekk for å hente noko å drikke.

Vi åt marenger og mørk sjokolade. Drakk rabarbrasaft og ouzo frå Kreta. Satt på dei nye møblane på balkongen og røykte. Hadde ei lang samtale om kor sunt eller usunt mjølk eigentleg er, og om den gamle sprite-flaska med vodka, vatn og sprite framleis er drikkbar. Høyrde på Neil Young på LP-spelaren og pappas gamle blandingskasettar. Spela ”Game of life”. Eg og frøken stripegenser vant. Eg på grunn av pengane eg hadde tent, ho på grunn av alle barna ho fikk. 

Vi var oss fire igjen, og eg kjende kor godt det var å vere med dei fire finaste jentene i verda. Kor godt det er å prate skit i fem timar og kor godt det er å kunne vere sytten år og framleis ha sommarferie. 


Foto: Andrea R. Møller

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar