”Je t’aime”.

Eg pleidde å mislika franskmenn. Paris, fransk og heile Frankrike. Æsj. Stygt språk, fisefin by og dustete land. Dei tenkte at dei ikkje treng å lære seg engelsk sia dei trudde alle kunne fransk. Dei var teite og høgtidelege skitsekkar. Fordomar? Ikkje eg.

Med den innstillinga drog eg og familien til Paris for seks år sia. Eg likte det ikkje, verken bagettane deira og all gåinga. Æsj. Eg ville berre tilbake til Disneyland – eg ville ikkje sløse bort meir tid på Notre Dame og snigleeting.

No er det ikkje slik lenger. Litt etter litt har Paris blitt så mykje meir enn Disneyland. Litt etter litt har fransk blitt finare å høyre på med deira herlege rullande r-ar. Litt etter litt har eg begynt å lika Frankrike. Heimlandet til Edith Piaf, dronninga av min musikk for tida.

Viss eg hadde hatt pengane, skulle eg ha dratt i morgon. Men det har eg ikkje, så eg skal trøyste meg med ”Amelie frå Montmartre”. Adjø og god natt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar