Når tankane rundt framtida får ein til å ramle av stolen, veit ein at ein har eit bra liv.

Eg har vore litt redd for å begynne på skulen igjen. I sommar har eg følt at eg har vore den eg har hatt lyst til å vere. Eg har gjort det eg har hatt lyst til å gjere, og eg har opplevd så mykje som eg har hatt lyst til å oppleve. Eg visste at sommaren ville ta slutt og at kvardagen kjem tilbake – og det gjorde meg litt redd. Men så minte stråhattjenta meg på at når sommaren er over, begynner hausten. Når eit eventyr er over, kan eit nytt eventyr starte kvart minutt. Sjølv om ikkje alle dagar er ledige lengre, kan vi framleis vere spontane og glade i livet. Hausten kan vere vakker om ein går turar med ullgenser, lue og skjerf, ser på dei raude løva, kosar seg med heimelaga kakao etterpå og høyrer på lyden av flammene som et opp veden i omnen.

Eg ville ikkje at alt skulle bli som før, at sommaren ikkje hadde forandra ein drit. Men no kan det skje, eg kan få skulekvardagen snudd på hovudet – viss eg er heldig. Eg får svar i løpet av uka. Eg er så spent, så spent. Desse dagane blir nokre spennande dagar.

1 kommentar: