Pluss-opplevingar den siste veka:

Å dra til den nye leilegheita til ei gammal klassekamerat i Oslo saman med fine folk. Å feira frøken stripegenser med vin, ein heimelaga song, tacopai, bra menneske og herleg musikk. Å få vite løyndomar av nye folk som fortel meg at dei ser på Discovery-channel i smug. Å verkeleg få auga opp for nye moglegheiter. Å ete knekkebrød med jordbærsyltetøy i norsktimane. Å høyre på Thomas Dypdahl, og komma på at eg kanskje skal på konsert med han på fredag. Å endeleg melde meg inn i eit ungdomsparti. Å ete sjokoladen til broren min i smug, og vite at han har så mykje sjokolade at han ikkje vil merka det. Å le saman med stråhattjenta igjen. Å få grøn mann med ein gong kvar gong eg går over ein veg, og tenkje ”takk, livet!”. Å høyre dama framfor meg på toget seie; ”Nå lever jeg ikke bare i helgene lenger, nå lever jeg også i hverdagen” – og tenkje at det er nett slik eg følar det. Å vere spentspentspentspent på framtida. Å stadig vekk høyre på ”avslappingssukk”-spillelista mi, og hugsa kor herleg den er. Å sjå ”debatten” på tv – og for fyrste gong faktisk synes det er interessant. Å kle meg i fine klede kvar dag, sjølv om eg berre skal på skolen. Å lære meg nye songar på gitaren. 

1 kommentar: