Utan namn.

Det einaste eg vil er å prate med han, høyre på han, smile med han, kysse han og vere saman med han. Då er det litt tungt å ikkje eingong klare å halde ein samtale gåande. Eg trur ikkje treng han lenger, men eg treng framleis tankane på han. Minna med han. Draumane om han.

Fordi han er framleis seg sjølv, politisk aktiv og intelligent. Han er framleis fin, kanskje den finaste guten eg kjenner. Han har framleis eksem og regulering, men han er framleis den einaste eg drøymer om å halde, kysse lenge og danse tett med. Eg er framleis forelska.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar