P.S. Livet ruler!

Eg startar frå toppen, slik ein ofte gjer. Noko anna ville vore forvirrande. Det starta med at sto opp, kledde på meg prikkekjolen min og gjekk for å ete frukost. Mamma hadde stekt bacon og laga eggerøre. Så fikk eg dårleg tid, sykla med den svarte sykkelen til stasjonen og tok toget til Oslo med frøken stripegenser. Oslo er verkeleg ein fin by viss ein veit kor ein skal gå.

Vi gjekk mot Grünerløkka, med to stopp. Nummer ein: Friends Fair Trade - verdas beste fairtrade-butikk. Kjøpte ein iskaffe og gjekk vidare, til stopp nummer to; 4Sound. Kjøpte ein gitarstreng og gjekk vidare, til Markveien – Oslos finaste vei. Der koste vi oss med gamle klede, vårrullar og pærebrus i parken, ubrukte solbriller frå 70-talet, Markveiens bakgardar, LP-platar og til slutt; ein is kvar. Eg sølte halve isen på kjolen min, underheldt ein passerande mann med hendinga, tørka det bort og gjekk vidare. Eg og frøken stripegenser trossa regn og regjeringskvartalssperringar, og kjem oss til Nasjonalgalleriet til slutt, kor det var tid for å skiljes. Eg skulle på eit møte og ho skulle heim. Slik blei det ikkje. Altså, stripegenser kom seg heim, men eg fann ut at møtet ikkje var før neste uke og at eg hadde venta ei halv time forgjeves. Derfor sat eg meg på Oslos koseligaste kafé i staden, drakk ein espresso og åt litt kvit fairtrade-sjokolade.

Før eg drog heim, ville eg få med meg litt av Oslo jazzfestival. Eg fann Egertorget, kor det var gratis konsertar. Dei skulle straks begynne, så eg stilte meg framfor scenen for å vente. Etter at Freia-klokka hadde bevega seg påfallande sakte mot klokka seks, gjekk to fyrar opp på scenen og begynte å spele. Krokofant. Dei spelte fantastisk. Dei viste alle som gjekk forbi, eller sto slik som meg, korleis dei høyrde på musikken og korleis dei høyrde på kvarandre. Så der sto vi. Eg, prikkekjolen og ein gjeng med kule menneske, og kunne ikkje tenkje oss ein betre stad å tilbringe kvelden nett då.

Etter to konsertar fulle av lidenskap, gjekk eg til Bare Jazz. Og der satt dei. Alle dei kule menneska som sitt og tar ein utepils, sjølv om det er litt for kaldt. Alle dei som bur i Oslo og studerar sosialantropologi eller sosiologi. Gutane som brukar sløyfer når dei skal vere fine og jentene som brukar prikkekjolar sjølv på kvardagar. Eg såg på dei, høyrde nokre ord frå deira intellektuelle samtalar og gjekk inn for å sjå korleis stemninga var der inne. Der var den minst like god. Eg drakk eit glas vatn, tenkte så vidt på eit stemnemøte som aldri blei noko av og gjekk ned igjen for å lese om jazzmusikarar. Så let eg dei kule menneska vere kule åleine og tok toget tilbake. Sykla heim. Åt rester av middagen og såg på nyheitene. Fann ut at gitarstrengen var eit unødvendigkjøp fordi den gamle kunne brukast likevel.

No sit eg i hula mi, med ein ny LP-plate og ein ubrukeleg gitarstreng. Og i morgon er det skule igjen. Sommarferien er over, men det gjer ikkje så mykje fordi denne sommarferien har vore så bra. Mitt livs beste fram til no, faktisk. 

Foto: Andrea R. Møller

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar