Ei av desse dagane.

Dei har blomsterkjolar og gammaldagse damesyklar med vin i kurven. Dei syng og smil og kjem fram til huset i solnedgongen. Tenkjer at livet er sånn. Sånn er livet, nett no. Dei kjem inn. Seier hei til dei nye menneska. Finn ut kor jævlig bra alt er viss ein vil, viss ein fokuserer på dei riktige tinga. Dei drikk hvitvin av raudvinsglas, og synest nesten det er ein skam. Høyrer på jazz. Lois Armstrong. Miles Davis. Kongane av deira tid. Kongane for alltid. Dansar med kongane. Og kvarandre. Selskapsdans med gutane. Selskapsdans med jentane. Prater om politikk. Om Unge Venstre og AUF. Og sex-stillingar. Og bifili. Og kor hardt håret til gutane blir viss dei brukar feil hårprodukt.


Gutane dansar så dei skadar seg på fingrene og treng ei av jentene til å blåse. Gutane drikk whiskey medan jentene røykjer pipe. Syng "Go Down Moses" saman. Klagar over at det ikkje er plassar ein kan gå ut å danse no for tida. Altså, virkelig danse, slik dei gjorde på 50- og 60-talet. Derfor dansar dei slik i stova istaden. Med Lois Armstrong som konge. To og to, gutane med jentene. Snurrer rundt, slik resten av verda gjer nett no.


Fy faen, eg lever.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar