Åleine, men ikkje einsam.

Eg er åleine, går rundt åleine og sitt åleine. Det har aldri før vore så herleg. Eg er ikkje einsam. Eg har vener, dei er berre ikkje her no. Dei er i England, i Roma, i Afrika eller ligg heime med influensa. Eg veit at dei liker meg, eg veit at dei bryr seg om meg, så eg kjenner meg ikkje einsam når eg er åleine. Dei kjem tilbake, og dei er glade i meg. Medan dei er borte, kan eg helse på nye menneske. Og faktisk ha det bra med den eine venen eg har her, og kanskje litt med han eg berre nesten kan kalle for ein ven.

1 kommentar:

  1. Nå har jeg lest mye (men ikke alt). Det var veldig vondt å lese noen ganger, andre ganger var det rart fordi jeg kjente meg igjen, men ofte veldig fint fordi du beskriver en tilstand så veldig bra, uten med for mange ord.

    takk!

    hilsen hun som lånte bort pennen sin til deg i politikklassen.

    SvarSlett