Ei fin veke.

Eg har var heime åleine i ei veke, men var aldri åleine likevel. Den fyrste kvelden var frøken olajakke hos meg. Vi såg på tv og tok ein roleg kveld, heilt til herr afrikaskjorte kom. Heilt til frøken haremsbukse sykla frå Lillestrøm og blei venn med eit rådjur, heilt til ho også fann fram til meg. Vi åt lillebrors sjokolade, høyrde på The Beatles og satt ute på verandaen med godt humør. Eg sov i ein time og drog til Stockholm.


Kvelden etter eg kom heim frå Sverige, var eg hos vatnjenta. Vi prata om alt som trengtes å prate om (og alt som eigentleg ikkje trengtes å prates om, men som var fint å prate om likevel), åt mørk sjokolade og drakk mjølk til klokka halv tre. På vet tilbake klarte eg ikkje å la vere å danse, hoppe og syngje til Lykke Li. Fjellhamar har aldri vore så stille før. Klokka halv tre på ein kvardagsnatt var Fjellhamar ein eventyrby. Stjerneklart, haustfarger og litt vind i håret. Det var ikkje eit einaste menneske ute. Ikkje ein einaste bil som køyrde. Ikkje eingong eit fly som flaug forbi langt borte. Det var berre meg i heile verda. Meg, Lykke Li og ein svak bris i håret. Eg var så lukkeleg og fri at eg ikkje kunde gå vanleg. Eg gjorde nett slik eg ville. You'll be the rythm and I'll be the beat. Then I'll be the rythm and you'll be the beat. 


Dagen etter møtte eg frøken desember i Oslo. Vi var på Aker Brygge og i skuffehuset. Åt draumebolle og potetgull med chili. Lunssjkaker og var på eit ammerom. Finprat om kva som hadde skjedd med oss sidan sist. Det var så mykje som hadde skjedd. Vi hadde opplevd så mykje, og det var så fint.


Etter å ha rukket t-banen og toget heim, rakk eg så vidt å skifte, rote og ete tre knekkebrød. Eg blei henta, og eg og vatnjenta kom fram til frøken konditorfarge. Vi skulle vorse før vi skulle på russekro - eg, vatnjenta, frøken konditorfarge, nokre eg kjende og nokre eg ikkje kjende. Er det noen her som kjenner gitarfyren? ropte frøken konditorfarge. Ja, eg gjer det. Han kommer snart! Men kva faen skulle han der å gjere? Eg trudde han syntes russetid og russekroer berre var noko tull. Dessutan kjende han ingen andre enn meg og ein annan dust som var hos frøken konditorfarge. Men han kom, og vi prata berre såvidt saman. Eg hadde ikkje noko behov for å prate med han, og han hadde visst ikkje noko behov for å prate med meg heller. Det var heilt greitt.


Etter russekroa med dans og kyss og prat og klem, fekk eg ei melding av gitarfyren. Han ville gå med meg heim. No. Eg tenkte at det var like greitt å berre kome seg heimatt, og vi begynte å gå. Fekk prata om kva som eigentleg skjedde med oss, sjølv om det skjedde i februar. Det var så godt. Eg har ikkje vore så komfertabel med han nokon gong som eg var då. For fyrste gong på over eit halvt år klarte eg å vere naturleg mot han. Digg. Fantastisk. Det kunde ikkje ha vore betre. Vi gjekk, klatra over gjerder, kjende på vatnet og kjøpte pølser. Eg fekk ein klem og gjekk heim. Sendte han ei melding og følte at livet var så himla bra.


Love, shoreline, where you and I meet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar