Stockholm.

I dag drit eg i gutane. I dag drit eg i mennene. I dag er eg forelska i livet.
Eg har vore på eventyr. Eg har dansa til gatemusikk over en bru midt i Stockholm, balansert på gjerder i ein park rett ved den finaste utsikten over heile byen og blitt kjend med chilenarar, spanjolar, grekarar og svenskar. Eg har sjonglert med sjonglørar.  Og Lidl-menn. Eg har eti indisk mat, libanesiske blome-matrettar og franske crêpes. Drukki irish coffee på ein irsk bar og eit glas rødt vin på ein fransk restaurant. Eg har kjøpt jazz-plater på eit market. Eg har gått i fleire timar, og til slutt funni den perfekte frukosten; rabarbrapai med vaniljesaus. Eg har vore på Stockholms finaste teaterkino og har gått og gått og gått, men aldri funnet nokon dustete “Happy India”. Eg har sovi på ein kafé etter å ha drukke ein fantastisk kakao - fordi det er haust og vêret seier at ein måtte ha seg varm sjokolade med krem. Eg har fått ein hoven fot fordi ein fremmande mann skremde meg. Eg har fått ein kanelbolle på kjøpet på toget, fordi det var “kanelbullens dag”. Eg har blitt kjend med ein kunstnar som viste fram kunsten sin. Eg har funni eit magisk tre, og kasta ein mynt i det. Eg har gått rundt med to fine vener i Stockholms gater til klokka halv to om natta og kjend meg ung, fin og fri.
Derfor drit eg i mennene i dag. Derfor drit eg i gutane i dag. Fordi i dag er eg forelska i livet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar