Du er her igjen og alt er forandra.

Det var ikkje fyrste gongen du var hos meg, så du visste kor du skulle gå. Men før hadde fine kusine vore med. No var det berre deg og meg. Deg og meg og bollebaking. Eg bakte bollar, du spelte gitar. Kva anna skulle du gjere? Det er jo det einaste du verkeleg kan. Dét, å prate og å kysse. Men eg visste ikkje det då. Eg hadde aldri kjent dei myke leppene dine mot mine på ein måte som overgjekk alt anna. Ikkje før den kvelden.

Vi hadde kome oss inn på rommet mitt, og låg i senga. Du heldt rundt meg. Gjør akkurat det du vil med meg nå, sa du. Eg førte handa til halsen din. Smilte. Du såg på meg og vi kyssa kvarandre. I eit tiendedels sekund føltes det som om tusen knivar blei stukke inn i magen min. Og det var så godt. Eg hugsar det. Eg lengter tilbake til det.

Nokre månader seinare kom du ein gong til. No prata vi om biler. Eg trudde V75 var ein type Volvo, og eg fekk deg til å le. Eg hugsar det, at eg fekk deg til å le. Eg hugsar korleis eg sat på kjøkkenbenken, og du gjekk fram til meg, og kyssa meg. Du kyssa meg. Det var den fyrste gongen den kvelden. Tusen knivar i magen. Faen, du var god. Eg hugsar korleis du snudde deg i løpet av natta og korleis eg var kald medan du var varm. Eg hugsar korleis stemma di lød då du sa du var svolten, og klokka var halv fire om natta. Eg hugsar at eg stekte hamburgar til deg då.

Eg var lukkeleg og vi var midt i ein diskusjon om religion då du sa du måtte gå. Du kyssa meg ikkje, du smilte ikkje, du sa ikkje eingong at det var hyggeleg at du fekk kome. Du berre henta tinga dine, gav meg ein klem og sa at vi ses når jeg har fått av reggisen. Då eg spurde når du skulle ta han av, svarte du før sommeren en gang, og gjekk. Ut gjennom døra, ut i snøen. Ut og bort. Og var ferdig med meg. Nett slik eg hadde frykta. Vi fekk aldri prata om det, om oss. Du var ikkje interessert, og eg var så interessert som eg aldri før har vore. Du berre gjekk.

No er du her igjen og alt er forandra. No sitt du i stolen min igjen. Eg har ommøblert, legg du merke til det? Senga er flytta, gitaren er flytta. Mykje er forandra. Dine vener er òg mine vener no. Mine fester kjem du på. Du er på rommet mitt igjen no, og alt er forandra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar