Det beste som skjedde denne veka:

Ein. At eg fekk sjå frøken olajakke og dei andre igjen etter at dei hadde vore i England, og at eg fekk føla at dei verkeleg hadde sakna meg slik som eg verkeleg hadde sakna dei.
To. Ordleiker på toget, makronar på ein heilt ny kafé og nudistcampar på kino då eg hadde ein kveld saman med verdas beste litlebror.
Tre. At han kjekkaste kom på skulen igjen sjølv om han framleis er sjuk.
Fire. Røykepause med finfolket, leke kviskreleken og sleike på døra til jentedoen i ein skuletime som vi fann ut at vi hadde fri.
Fem. Å dra på russekro, drikke eit glas raudvin, få ein røyk av ein i klassen og gå heim i tre kvarter saman med tusen stjerner.
Seks. Kake, isbitar og to bamsemums ifrå verdsrekorden saman med changemakarar.
Sju. At gitarfyren kjørte og henta meg frå frøken blomeskjørts fødselsdagsfeiring.
Åtte. Sunday morning blues med Joni Mitchell, på sykkeltur rundt omkring på Fjellhamar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar