Eg smiler fordi livet fortener det.

Sola skin og alt solstrålane treffer får ein guddommeleg glød.  Alle trea, husa, blomane og menneska blir vakrare. Det verkar som alle blir gladare. Eg kjenner meg sterkare og friare enn før. Betre på mange måtar. Ei superwoman med ein million moglegheiter å gripe.

Det er som om hausten rekk tunge til meg, ler og seier ”haha, eg lura deg!”, fordi eg trudde han allereie var her. Eg trudde hausten med regn, tore, frost, skjerf og raud lue allereie var her. Eg tok feil. Det er tjue gradar varmt, og med herleg musikk og god tid blir alt så lett og bra. Helstrøm smiler til meg på gata og dei dyre duppedittane frå ”Råkk & Råll” er enda finare enn før. Eg er gladare enn før. På eit eller anna magisk vis, rekk eg både toget til og frå skulen - sjølv om eg verkeleg ikkje hadde nokon tru på at eg ville rekke nokon av dei.

Jentene på møtet er koselegare enn før og billeg-sjokoladen smakar betre. Å sitje på en benk med frøken raudtelt i ein og ein halv time med godteri og god prat er betre enn eg kunne førestelle meg. Livet er generelt betre enn før, og eg smiler fordi livet fortener det.


Foto: Andrea R. Møller

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar