Nokre veker seinare.

Eg et nonstop frå den finaste kaffikoppen eg veit om. Høyrer på Adele og tenkjer på livet mitt. På alt eg har opplevd sia skulestart. Eg har opplevd så mykje fint og så mykje bra. Oppsummering:
  1. Eg har kome inn på studiespesialisering, med sosiologi og sosialantropologi + politikk og menneskerettar + psykologi 1 og 2 som valfag – nett slik eg ville.
  2. Eg har fått dei beste klassekameratane eg kunne ha hatt i forhold til jazzgjengen og meg sjølv.
  3. Eg har blitt aktiv i både Unge Venstre og Natur og Ungdom.
  4. Eg er endeleg på talefot med gitarfyren igjen, etter å ha vore så tøff at eg tok opp det som var vanskelig å prate om. Det er betre no.
  5. Eg har blive bedt på tre av dei kule jazzfestane – og hatt det moro.
  6. Eg har (nesten) kome inn i den kulaste gjengen på skulen.
  7. Eg har endeleg lært meg oppgjeret på jobben.
  8. Eg har vore konferansier for Friends Fair Trade på Kultunatta, og takla det bra.
  9. Eg har blitt kjend med mange, mange, mange nye folk – og har funni meg sjølv litt meir. Eg har funni ut korleis eg reagerer og oppfører meg saman med nye, gamle og annleis menneske.
  10. Eg har hatt ei fyrste-gong-oppleving.
  11. Eg har tatt sjansar, og kome godt ut av det.

1 kommentar: