Minne.

Det var juli, den varmaste og beste månaden i heile året. Klokka var nesten tre på natta, og eg lukka opp auga. Eg skulle stå opp. Berre nokre netter før hadde eg lagt meg på denne tida, men no gjekk eg i staden til kjøkkenet og kokte opp ei kopp varm sjokolade med Edith Piaf i bakgrunnen.

Mens dei første solstrålane kom til syne i vindauget, satt eg på kjøkkenbenken og drakk varm sjokolade. Såg på klokka. Ho var kvart over tre. Dei skulle komme om tjue minutt. Eg hadde god tid. Nesten.

Såg på klokka igjen, og gjekk på rommet. Eg lukka endeleg kofferten. Pussa tenna, vaska henda, sjekka for sjette gong at eg hadde alt eg skulle med meg. Pass, mobil, penge, kort, musikk, meg sjølv. Alt var med. Eg var klar. I same minutt, høyrde eg bilen køyre inn på gardsplassen. Vatnjenta smilte og ga meg en klem, og eg satt meg inn i bilen. Frøken stripegenser satt seg inn. Frøken raudtelt satt seg inn. Alle fire, med store koffertar og spente blikk. Vi var på veg.

Desto nærmare flyplassen vi kom, desto meir klarde eg ikkje lengre å la ver å smile. Kroppen kjentes ut som ei sjampanjeflaske som kunne eksplodere når som helst. Kofferta på band, frukost på KonTiki, soving på flyget. Så – poff! – var vi der.

Den varme lufta slo mot oss slik den berre gjer på så varme steder at lufta blir bølgjete nærme asfalten. Dette var eit sånt sted. Eit sted med palmer og høge fjell. Med mange fine grekarar og enda fleire nordmenn. Vi var i Noreg-Hellas. Det var litt flaut, men det var veldig fint også. Verkeleg. Fire jenter. Ei øy.

Vi låg på stranda. Bada i havet. Fekk saltvatn i auga. Drakk øl i sola. Likte ikkje ølen. Spiste is i staden. Kjøpte ein bademadrass. Leste norske aviser ved bassenget. Symja under vatn. Lekte sisten. Lo.

Vi gjekk langt for å komme til den finaste restauranten. Og vi fann han – den finaste restauranten på heile øya. I alle fall den med best utsikt. Og mest vind i håret. Vi åt moussaka. Og pasta, pizza, salat. Og fekk ouzo, såklart.

Så gjekk vi heim. To av oss drakk karsk. Ei hadde kjøpt mojito. Ei drakk Bailey’s ei dag og whiskey ei anna dag. Ho likte det. Eg likte det. Pynta oss og gjekk ut. Dansa og fekk gratis drinkar. Fire jenter. Ei øy.

Vi spelte kabal på balkongen. Vatnjenta fylte vatn i vatnflaskene. Raudtelt smøyrde seg med aftersun. Frøken stripegenser drakk cola og tok bilete. God musikk. Fine venner. Ei øy kor vi kunne gjere nett kva vi ville. Og det var det vi gjorde – nett kva vi ville. Livet kunne ikkje bli betre.

1 kommentar: