Hakuna matata.

Love flows like a river. Love flows like a river. Love flows like a river to the sea.

Sju nordmenn kom endeleg fram til eit kontinent ingen av oss har vore på før. Ghana, Afrika. Det var kveld, og dei hadde plakatar og store smil. Helste og klemte og satt seg ved sida av oss i bussen.

Saman med seks nye nordmenn blei eg kjent med hundrevis av nye menneske frå Ghana og resten av Afrika. Ei veke. Tusen millionar opplevingar. Eg sov med tre jenter eg nesten aldri hadde prata med før. Dei song fint i dusjen og leste høgt frå ei bok om afrikanske kjærleikshistorier om kvelden. Verda var ei anna. Vi fekk sjå kva ein dag kan bety for hundrevis av menneske. 

Vi fekk sjå skulen dei gjekk på, fekk høyre dei konkurrera i korsong og feire med dei fordi dei vann. Vi lærte swahili på skulen. Vi song norske julesongar til dei og åt ghanesiske kakar i bussen. Vind i håret. Fjell i horisonten. Skur langs vegane.

Vi gjekk rundt i ein afrikansk liten landsby. Såg husa som var laga av leire. Damene som lagde mat over bål. Barna som sprang og lo og gjerne ville bli tatt bilete av. Vi organiserte bøker i eit bibliotek. Drakk ananasbrus som såg ut som øl. Åt kylling og ris av plastboksar i ei veke. Det var ei av dei beste vekene eg har hatt, med mangotre i hagen og barn som heldt med så hardt at eg ikkje klarte å gå ifrå dei. Blekksprutkebab på ei restaurant med havsutsikt som siste måltid.

Stranda siste kvelden. Vi sto i ei ring og lekte. Selektor, one, two, three. Let’s go! Eg høyrde ”Just the Way You Are” for fyrste gong. Sto i sanda med to personar eg hadde blitt så glad i, men visste at eg aldri ville sjå igjen. Eg gjekk ein tur saman med ein ny ven. Sprang etter krabber og prata om kva vi ville bli når vi blir vaksne. 

Eg savnar dei, og gler meg som ein unge til oktober når dei fleste kjem hit på besøk. Då skal dei få stå på ski og ete brunost. Det blir så bra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar