Betre.

For to månadar sia var det sol. Det var is som smelta viss ein ikkje åt den fort nok. Raude jordbær og sykkelturar i sommarkjolar. Det var bekymringsfrie dagar, vannpipekveldar og soloppgongturar ein ny ven. Det var nye reiser med gamle vener. Det var varmt. No har hausten kome og forandra alt. No bles det kaldare enn før. Det regner meir óg enn før. Og det er kaldare enn før. Men det gjer ikkje noko viss ein har på seg ullgenser og tenkjer at ein skal lage kakao når ein kjem heim.

Okei då, hausten har ikkje forandra alt. Men han har forandra veldig mykje. Han har endra korleis fuglene pleidde å syngje kvar morgon til korleis dei no flyg over himmelen til sørlege strøk. Og korleis eg ser på framtida no i farhald til før. Kven eg sitt saman med i timane på skulen. Kva eg synast er viktig i livet. Kven eg pratar med på ein heilt vanleg kvardag. Kven eg i alle fall ikkje pratar med på ein heilt vanleg kvardag. Kven eg blir bedt til i helgene. Og kven eg så gjerne vil bli bedt til i helgene.

Hausen forandra nesten alt.
Og det meste han har forandra har blitt så fint. Det aller meste er veldig fint.
Sjølv om eg no må late som om eg ikkje bryr meg når eg ser han eg framleis er forelska i med ei anna jente på fanget. Eg lèt som eg ikkje bryr meg når eg høyrer om at han ringer andre jenter når han kjedar seg, og om korleis dei pratar i fleire timer midt på natta. Et lèt som eg ikkje bryr meg, men bryr meg så jævla mykje. Men likevel – det positive med folka i den gjengen overstig det negative. Spesielt når den kjekkaste på heile skulen framleis smiler til meg kvar dag. Og når eg føler meg meir og meir konfertabel med dei to beste folka i klassen.
Viss eg ber om meir no, blir eg så bortskjemd at eg ikkje eingong har nokon aning kva eg burde vere fornøgd med. Fordi alt har eigentleg forbetringspotensiale. Det kan alltid bli betre. Ein kan alltid finne feil - viss ein leter. Men idag er alt så fint likevel. I dag gidd eg ikkje å leite meir.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar