Bortskjemd.

Dei stundane eg set så stor pris på blir fleire og fleire og kjem oftare og oftare. Frøken haremsbukse blir glad av å sjå meg, sjølv med krykker og spansktentamen foran seg, frøken olajakke låner meg klede når eg treng det og herr sukkerfri prøver å overtyde meg om at vi trur på det same. Han uten dreads er kjekk i gangen og gitarfyren er tilbake - utan regulering. 

Eg opplever så mykje fantastisk desse dagane og eg tar dei fine stundane meir og meir for gitt. Livet mitt inneheld så mange slike fine stunder no for tida. Eg må ikkje la dei slutte å vere spesielle, eg blir så lukkeleg av å sjå alt det fine. Eg blir så lukkeleg av å setje pris på lukkestundane kvar dag. Og det er det som er så fint! seier frøken olajakke.

PS. Eg kjem til å sakne bobla vi levde i for nokre dagar sidan. Eg kjem til å sakne morgendrammane og å danse salsa på utested. Eg kjem til å sakne oss åtte saman på eit sted langt borte. Eg kjem til å sakne det så jævlig mykje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar