Fuckings bra.

Eg er så lukkeleg i dag. Når barn seier eg er fin på håret, når menneske smiler fordi dei får gå på kino, når Damien Rice får vere sjef over musikken – då er eg lukkelig. No er eg lukkeleg.
Desse dagane er så helsikes herlege. Eg er fri no. Eg er meg no. Eg er ho eg vil vere, eg er ho eg er. Eg et cashew-nøtter i det løynlege rommet saman med dei fine folka. Eg høyrer på Of Montreal med de, går små turar med de, står bak skulen med de – og det følast så himla bra. Igjen gler eg meg til kvar dag som kjem, og igjen har eg det så fuckings bra.

Oh, I love you so. But why I love you, I’ll never know!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar