Klokka 17.50 på plassen utanfor senteret.

Ute er det mørkt, og eg ser alt bortsett frå himmelen. Klokka er ikkje eingong seks, men desse haustkveldane blir mørkare og mørkare heilt til jula kjem. Eg kan ikkje sjå himmelen, eg kan berre sjå alle menneska som går der ute. Eg ser han som dreg sonen med seg frå Burger King med ein stor milkshake i handa og eg ser ho gå frå eit møte med han ho har lengta etter lenge, smilande og med eit håp på ei melding av han fort som fy. Eg ser de, eg veit at dei finnast, eg veit at dei gjekk forbi meg utan at dei såg det. Eg veit at dei ikkje ser meg. Dei har ikkje noko behov for å sjå meg, dei har nok med sine eigne liv. Han har nok med å få sonen i seng før mora kjem heim igjen og ho har nok med å finne ut korleis ho skal tolke klemmen ho fekk då ho gjekk. Ute er det mørkt, og eg ser alt bortsett frå himmelen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar