"Straks tilbake!"

Dei berre ler og røykjer, røykjer og ler. Pratar med store armbevegelsar og fryser litt, sjølv om dei gjer alt dei kan for ikkje å vise at dei gjer det. Dei er på bandøving, han utan dreads, herr hippiebånd, herr tamburin og herr afrikaskjorte. Når dei kjem inn igjen gjev dei meg godteri, og eg fortel de kor ufatteleg kjeisamt det er å sitje her når det ikkje kjem nokon som vil kjøpe kinobillettar eller vite kor toalettet er. Dei ber meg bli med de, så eg set opp «straks tilbake»-skiltet og blir med de opp trappa. Tar ein kaffi med de og høyrer på prat om blodige fingre og russebal til mange hundre kroner. Dei seier dei bør gå tilbake til øvinga, og eg innser at eg verkeleg bør kome meg tilbake bak disken. Eg gjer det, men no sit eg her med eit stort smil rundt munnen. Han. Er. Så. Kjekk!

1 kommentar: