Tandoori, curry, masala og naan.

Då eg endeleg fann "Curry&Ketsjup", gjekk eg ned i underetasjen. Og der sat dei; frøken olajakke, frøken haremsbukse, frøken englandsmodell, latterguten, frøken indiaski og gatemusikantjenta. Dei finaste og beste personane på heile skulen. Dei hadde allereie bestilt mat – og eg fekk smake av dei alle saman. Vi lo så mykje, vi åt så mykje og vi prata så høgt at andre gjestar snudde og gjekk fordi dei ikkje ville sitje ved sidan av oss. Vi åt med hendene, slik ein skal ete indisk mat, og frøken olajakke heldt ei tale for oss – det var jo henne vi feire. Så skåla vi – gong på gong på gong, og blei der heilt til restauranten sa god natt og vi måtte finne eit anna sted å vere. Vi bevegde oss til den vanlege puben kor vi møtte herr afrikaskjorte og herr tamburin, og på vegen tilbake til bussen blei klokka tolv. Vi klemde og gratulerte frøken olajakke, og alle var glade i kvarandre. Kvelden var bra, så det gjer ikkje noko at vi alle saman er litt trøytte på skulen dagen etter. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar